Kvinna Ho Elskar
Lørdag 02.09 KL 15.30 – BILLETTER
Kvinna ho Elskar er ei nyskriven førestilling av Ole Henrik Risøy Solheim som tek føre seg eit møte mellom to einsame sjeler. Åleine sit denne eine kvinna på benken. Men i eit augneblink av skjebne, inntar ei anna kvinne plassen ved sida hennar. To framande skapar ei tilknyting, og i deira møte blir den stille benken eit symbol på motstand og samhøyrsle. Krypande ut frå skuggane pressar spørsmålet fram: Kor mykje er ein villig å ofre for det ein elskar?
Teksten har fått tilbakemelding fra UNG TEKST, Unge Viken Teaters satsing på unge dramatikere
Regi: Ole Henrik Risøy Solheim
Skodespelar: Malene Stadaas
Skodespelar: Vilde Vengnes
Coverbilde: Jørgen Lingaas