Mindreader
Peter Nordstrand:
mentalmagi og trolleri

Av Emma Rolfsnes Sele

I intervjuserien FRINGEFOLK pratar vi med nokre av dei aktuelle aktørane som skal være med på Oslo Fringe. Andre fringar ut er mentalist, skodespelar, regissør og improvisatør Peter Nordstrand. Han kjem frå Gøteborg til Oslo Fringe med forestillinga Mindreader, som vant Artist’s Choice Award på FinFringe 2022. Han er og svensk mester i mentalmagi.

 

Kan du fortelje litt om kvifor du byrja med teater?

Det starta då eg var barn, og når ein er liten har ein eit heilt anna perspektiv på ting. Då vart eg forelska i det å få leke, på eit vis. Men kvifor eg har haldt fram med det, det er jo og eit spørsmål. Eg trur det handlar mykje om at eg er djupt forelska i scenekunst.

God scenekunst har noko som ingen annan kunstform har – publikum og skodespelaren er i same rom, og det skjer samstundes. Og det gjer at sjølv under forestillingar som har blitt spelt lenge, så kjem det til å være noko som er litt annleis enn det var i går. Ein har kjensla av at ein nesten kan strekke ut handa og ta på artistane. Når ein har stått mykje på scenen, kan ein nesten høyre publikum, sjølv når dei ikkje lagar lyd! Det kjem ein reaksjon som går som eit lite sus i salen, når heile publikum trekker pusten samstundes - det er spesielt.

På Fringe kjem eg som trollmann, mentalmagiker – mentalist kan ein seie. Eg byrja med trylling og tankelesing ganske seint - dei fleste byrjar når dei er unge, mens eg var over førti. Det starta med at nokre gode venner av meg sette opp ein forestilling med mentalmagi. Eg vart fascinert og innsåg at det fantes veldig mykje trolleri og mentalmagi som faktisk var ganske bra og artig! Før tenkte eg at det berre var litt creepy, overlegne typar som dreiv med slikt – eg hadde eit bilde av trollmannen som ein person som tenkte at han var betre enn alle andre. Og så byrja eg å innsjå at det ikkje naudsynt trong å være slik.

Kva liker du med å være tankelesar og mentalist?

Eg liker når publikum får oppleve noko dei veit ikkje er mogleg. Det er ei oppleving eg sjølv setter pris på å få som publikummar. Og så er det veldig morosamt! Når vi vert forundra og opplever ting vi ikkje heilt kan forklare – i dei augneblinka så er vi tilbake til ei tid då vi ikkje tok alt for gitt. Difor synes eg dette eigentleg er meir interessant som ein kunstart for vaksne. Ein gjer ofte mykje magi og trylling for barn, men når ein er ganske liten så har ein ingen satt oppfatning om kva som er sant og ikkje, kva som er mogleg og ikkje. Jo eldre ein blir, jo sikrare vert ein på at ein veit korleis ting heng saman. Då vert desse augneblinka noko som strider fullstendig mot det vi veit om verda, og det er ein oppleving ein treåring ikkje vil få på same måte.

Kva inspirerer deg?

Forteljingar inspirerer meg, både sanne og oppdikta - forteljingar som seier noko om korleis det er å være menneske. Og situasjonar som oppstår i livet mellom menneske, som kanskje utgjer små puslepitar i ei større forteljing. Det andre som inspirerer meg mykje er å gjere ting eg ikkje allereie kan. Det trur eg er ein stor drivkraft i eigentleg alt eg gjer – når det er noko eg brenn for, så er det ofte noko nytt der som eg ikkje har utforska før. Det er det beste, synes eg, å prøve å være nysgjerrig. Mindreader-forestillinga vert utvikla og forandra kontinuerleg, så på Fringe så kjem eg til å introdusere ting eg aldri har gjort før.

 

Du har opptredd på andre Fringe-festivalar –
kva er ditt forhold til Fringe-konseptet?

Eg har vore på fringefestivalar i Gøteborg, Reykjavik og Åbo. Det eg liker med Fringe er moglegheita til å sjå konsentrert mykje scenekunst. Det er ein fin moglegheit til å få vist det eg har for andre, men eg får jo og møtt artistar og sjå forestillingar som eg aldri hadde fått sett om eg ikkje hadde gått på ein sånn festival – skulle eg reist og sett på alt til kvardags, så hadde eg blitt himla bereist. Det er ofte veldig variert program, alt frå ting som er enkle å forstå til veldig merkelege ting, og det er ei fantastisk blanding!

Kva kan publikum forvente seg av showet ditt?

Dei kan forvente seg ei forteljing – om at vi ikkje kan forandra det som er forbi, at vi må leve med vala våre som menneske. Eg håpar på at dei skal synes at det er ein meiningsfull historie. Dei kan og forventa seg å få oppleve noko som dei ikkje kan forklare, og at dei skal ha de morosamt på vegen – at vi skal le, oppleve og ha det gøy saman.

Les mer om forestillinga her