Frå skodespelar til dramatikar

Av Emma Rolfsnes Sele

Foto: Leah Håland Solomons

I intervjuserien FRINGEFOLK pratar vi med nokre av dei aktuelle aktørane som skal være med på Oslo Fringe. Først ut er skodespelar og dramatikar Julian Karenga, som er aktuell på festivalen med stykket Veien sitt ansikt.

 

Du gjekk ut av LIPA i 2018. Korleis byrja reisa di som dramatikar? 

Den starta i løpet av skuespelarutdanninga. I England er det større fokus på korleis ein skal marknadsføre seg sjølv som skodespelar – ein plasserer seg sjølv innanfor casting brackets. For nokon med mitt utsjånad og fysiske framtoning, så kjente eg meg ikkje igjen i dei rollekategoriane eg passa innanfor. Då tenkte eg - kva om eg kunne skrevet den rolla eg skulle ønske nokon andre hadde skrive for meg? Det begynte der, og etter kvart så oppdaga eg at eg lika å skrive såpass mykje at det tok over, at det vart gøyare enn skodespelbiten. 

 

Korleis byrja interessa di for teater?

Det byrja då eg spelte revy i 7. klasse. Det var litt skummelt, men veldig gøy. Eg hadde aldri følt meg så fri som eg gjorde då. Det er noko med det - i det sosiale livet er det så mange regler og normar om korleis ein skal være, mens i teatret så er det meninga at ein skal være stygg, snørrete, blodig. Vi blir dei ekte versjonane av oss sjølve på scenen.

 

Korleis vart Veien sitt ansikt til? 

Eg hadde bryja å skrive dikt, og tenkte det kunne bli til ei diktsamling. Etter kvart kom eg til eit punkt der eg ikkje kom nokon stad med samlinga, og tenkte eg kanskje kunne lage scenetekst ut av det. Det vart Veien sitt ansikt, ein forestilling om ein mann som prøver å drømme opp ein barndom på nytt. Som prøver å samtale med sin far gjennom det. 

I prosjektet ville eg og Fanny Bjørn (scenograf og kostymedesigner) ta utgangspunkt i møtet mellom tekst og det visuelle. Kan kostyma kommentere ut over seg sjølve? Vi ville sjå kva som skjer når dramatisk tekst møter det visuelle i scenografien og kostymane. Det har og løfta forestillinga enormt mykje, det vil eg seie. 

 

Kva er det som inspirerer deg når du skriv?

Å høyre på musikk, og å lese andre forfattarar og dramatikarar. Og så skriv mykje inspirert frå eige liv, slik som mange gjer. Eg vert veldig inspirert når det dukker opp sammenhengar mellom ting – samfunnsstrukturar og element innanfor populærkultur, når ein oppdagar samanhengar ein ikkje visste fantes. 

 

De spelte nyleg på Festspillene i Nord-Norge – korleis var det?

Det var ein skikkelig kul opplevelse! Vi har blitt ei slags frigruppe - vi har holdt på i eitt år og har drive å skrevet, søkt pengar og hatt workshops, så vi har hatt ein veldig oppstykka prøveperiode. Det føltes veldig godt og stort å komme til Harstad å få satt saman lys og lydlandskapet, scenografien og kostymene, og endeleg få ha urpremiera. Eg vart så utruleg stolt - det var veldig fint.

Skal du på Oslo Fringe?

Ja, tenker det! Eg var å såg ein forestilling på Fringe for to år sidan, og det slo meg som ein bra stad for folk og teater. Sidan det vart klårt at vi skulle spele der, så har eg berre gleda meg meir og meir til festival.

 

Kva skjer framover?

Vi speler Veien sitt ansikt på Kloden Teater 15. og 16. september, for dei som misser ut!

Les mer om Veien Sitt Ansikt her

Foto: Leah Håland Solomons