
Alpha
Foto: Johannes Andersen
Alpha - drag king impro
Av og med Eline Hallem
☆☆☆☆
English below
Leverer big dick energy.
I "Alpha" vert Langhuset på Salt gjort om til ein foredragssal, og me vert invitert inn på masterclass hos den famøse alfa-hannen og pick-up-artisten Alpha. Utstyrt med namnelappar med alt frå "Frank Benny" til "Sir Fucksalot", får sjølv dei svake kjønna ta del i autentisk guttastemning. Alpha var ein beta-hann, ein tapar - akkurat som oss - før han bestemte seg for å ta grep, og bli ein ekte alfa-hann. Gjennom showet auser han av sin visdom, og lærar oss alt frå korleis me kan bli kjent med vår indre løve, til å kjenne igjen feil og svakheiter hos vakre damer - ingen babe er utan feil, og difor aldri ute av vår liga.
Eline Hellem har skapa ein interessant karakter, der sårheita siv gjennom sprekkene i ein Jack Sparrow-aktig fasade av skjør maskulinitet. Dette skapar ein tragikomisk djupne, og gir oss noko å sympatisere med bak hyllinga av Andrew Tate og dårleg behandling av teknikarar og assistent (spela av dragdronninga Vera Brå, med Thor Einar Johnsen under parykken).
Førestillinga inneheld sekvensar som legg opp til mykje interaksjon frå publikum, noko som er ganske risikabelt, men som fungerer veldig bra med det impro-vande publikummet på Oslo Fringe. Hellem skapar likevel eit trygt rom med klåre rammer, så det vert spanande å sjå korleis utslaget vert med eit blygare og meir allment publikum.
Visninga var eit work-in-progress, og dette bar det litt preg av. Alfa-menn-kulturen gir eit rikt materiale, som eg skulle ønskje hadde vore utnytta enda meir. Tidsbruken på kvar sekvens kan med fordel balanserast litt meir, og sekvensane bør spissast. Men som ein førestilling under arbeid, verkar Alpha særs lovande.
Hellem er morosam og leverer big dick energy, samstundes som ho aktualiserer og kommenterer ei maskulinitet i krise. Eg gler meg til å sjå den ferdige førestillinga på nyåret!
Antall Stjerner: 4
-Emma Rolfsnes Sele (Prosjektledelsesstudent)
***English***
Delivers big dick energy.
Langhuset at Salt turns into a lecture hall, as we are invited to a masterclass by the super famous alpha-male and pick-up-artist Alpha. Even the weaker sex and genders gets to enjoy a good dose of testo, as we get given nametags at the entrance with names such as "Frank benny" and "Sir Fucksalot". Alpha was a beta-male, a real loser - just like us - but he took charge of his own destiny and decided to become an alpha-male. Throughout the show he generously shares his knowledge and teaches us everything from how we can channel our inner lion, to recognizing the faults and weaknesses of hot babes - no woman is without fault, and therefore, is never out of our league.
Eline Hellem has created an interesting character, where vulnerability seeps through the cracks of a Jack Sparrow-ish facade of fragile masculinity. This creates a tragicomic depth, and gives us something to sympathize with, behind the singing of Andrew Tates praises, and shouting at the technicians and his assistant (played by the drag queen Vera Brå, with Thor Einar Johnsen under the wig).
The performance relies heavily upon audience interaction, which is risky, but works well with an audience with a bit of improv experience - such as at Oslo Fringe. Hellem creates a safe environment with clear boundaries for the improv, and it will be interesting to see how the show will play out with a shyer audience.
The show is a work-in-progress, which is noticeable. The culture of the self-proclaimed alpha-males is a rich text to work with, and not mining it out more, feels like a missed opportunity. The time management in the show could be more balanced, and some of the sequences need some refining - but as a show in progress, it shows great promise.
Hellem is funny and delivers big dick energy - while also commenting on a masculinity in crisis. I'm looking forward to be seeing the finished show over the new year!
Number of stars: 4
-Emma Rolfsnes Sele (Project-management student)